Fekk trafikktryggingsprisen
Anna og Helge Brakstad får årets trafikktryggingspris for innsatsen sin for mjuke trafikantar langs fv. 57 ved Heggelund i Gulen. Dei har sjølv finansiert og fått laga ein undergang for gåande og syklande. Helge Brakstad (t.v.) tok imot prisen frå fylkesordførar Jenny Følling (Sp) og Noralv Distad i samferdsleutvalet under fylkestinget i dag.