Hopp til innhold

Må betale dyrt for truslar

Ein mann i 20-åra må betale 10.000 kroner i bot etter at han i rusa tilstand trua gjester og tilsette ved ein bowling hall i Nordfjord i mai i fjor.Mannen gjentok fleire gonger at han skulle drepe dei, og uttala at han ikkje var redd for å havne i fengsel. Medan han rette nokre av truslane heldt mannen også opp ein spade. Mannen har godteke bota.