Hopp til innhold

Leitinga held fram

Leiteaksjonen etter ein sakna person i Gloppen held fram med full styrke utover dagen. Sivilforsvaret melder at dei har mellom 20 og 30 personar på plass frå avdelingane i Førde, Eid og Sogndal. I tillegg er eit redningshelikopter, dykkarar, ekvipasjar frå Norske Redningshunder og mannskap frå Røde Kors med på leitinga i området ved Breimsfjelltunnelane.