Hopp til innhold

Sognefjellet stengt til laurdag

Fylkesveg 55 over Sognefjellet er framleis stengt på grunn av vanskelege køyreforhold. Statens vegvesen melder at vegen ikkje vert opna att i dag, og at det blir føretatt ny vurdering i morgon. Det ligg snø i vegbana, og sidan dei aller fleste bilane køyrer med sommardekk er det ikkje trygt å køyre, melder Vegvesenet.