Hopp til innhold

Framleis nedgang i arbeidsløysa

Reduksjonen i arbeidsløysa held fram også i september, seier Frode Henden, som er pressekontakt i NAV Sogn og Fjordane. Med ein reduksjon på 14 prosent er Sogn og Fjordane saman med Nord-Trøndelag og Telemark dei fylka med størst nedgang i landet frå same månad i fjor. Arbeidsløysa utgjer no 872 personar, tilsvarande 1,5 prosent og igjen klart lågast i landet, seier Henden.

Frode Henden