Hollevik utfordrar Lødemel
Flora Høgre vil ha Bjørn Hollevik frå Flora på førsteplass på stortingsvallista, og ikkje den noverande stortingsrepresentanten, Bjørn Lødemel frå Hornindal. – Høgre bør ikkje gå til val med ein førstekandidat frå ein kommune som tek sikte på å forlate Sogn og Fjordane, seier gruppeleiar i Flora Høgre, Hanne Husebø Kristensen, til Firda.