Hopp til innhold

Vil ha Fjord1-konsulentar fjerna

Alfred Bjørlo (V) krev at fylkesrådmann Tore Eriksen bryt alle band med dei omstridde konsulentane i Fjord1-saka. Det melder Bergens Tidende i dag. Han meiner at fylkesutvalet må gje fylkesrådmannen beskjed om å kutte kontakten med konsulentane, som har fått i oppdrag å vurdere kva dokument i Fjord1-saka som kan offentleggjerast og ikkje.