Hopp til innhold

Vil justere grensa

34 personar i området ved Kjøshammaren i Hornindal har bede Fylkesmannen om ei grensejustering mellom Stryn og Hornindal, skriv Fjordingen. Grunngjevinga for kravet er mellom anna at born i skulealder er delt mellom dei to kommunane, i tillegg til fleire andre oppgåver. Dersom grensejusteringa ikkje blir noko av, ynskjer initiativtakarane at bygda Maurset blir del av Stryn kommune. Hornindal har sagt ja til å slå seg saman med Volda og blir truleg dermed også del av eit anna fylke.