Hopp til innhold

Fjord1-konsulentar ikkje på anbod

Konsulentoppdraget i samband med salet av Fjord1 vart aldri lyst ut på anbod, og kan vere ulovleg, skriv Bergens Tidende. No har fylkesutvalet bede eit anna konsulentselskap om å undersøkje prosessen. Ifølgje avisa fekk fylkesrådmann Tore Eriksen råd frå konsulentane i Wiersholm om at ein ikkje trengde å lyse ut oppdraget offentleg. Dermed var det ingen konkurranse om oppdraget, som dei til no har tent 20 millionar kroner på. Ekspert på offentlege innkjøp, Harald Alfsen, seier til avisa at fylkeskommunen burde henta inn tre tilbod, og at det som er gjort kan vere brot på regelverket.