Hopp til innhold

Byggjer ut breiband i høg fart

Fylkeskommunen koordinerer arbeidet med breibandutbygging i fylket. I haust vil dei 23 områda som fekk støtte i 2014 vere utbygd, og 15 nye er under bygging. Det skriv fylkeskommunen i ei pressemelding. Fylket har teke imot statstilskot på 58 millionar kroner, noko som løyste ut over 10 millionar kroner frå fylkeskommunen og 10 millionar frå kommunane. Saman med eigendelar og bidrag gjev det ei samla breibandutbygging for om lag 170 millionar kroner.