Hopp til innhold

Alvorleg skadd etter ulukke

Tilstanden er alvorleg, men stabil for 22-åringen som i går vart skadd i ei arbeidsulukke i Luster. Det var like før klokka 20 at mannen fekk ein rundballe over eine foten sin medan han arbeidde i ei li. Mannen vart sendt til Førde sentralsjukehus med luftambulanse.