Hopp til innhold

Hastige bilførarar måtte betale

Til saman 13 hastige bilførarar måtte betale for seg etter at Utrykningspolitiet hadde kontroll på fylkesveg 60 ved Olden i Stryn. Politiet hadde stilt seg opp i ei 60-sone, høgste målte fart var 82 km/t. I tillegg fekk ein førar forenkla førelegg for bruk av mobiltelefon.