Hopp til innhold

Nytt utstyr gir storfangst for UP

For første gong har Utrykkingspolitiet stoppa over tusen rusa førarar på eit halvt år. Det skriv Bergens Tidende. Ifølgje UP er ei viktig årsak at dei har teke i bruk utstyret "Drugtester", som gir rask indikasjon på ei rekkje narkotikagrupper. Utstyret vart rulla ut til alle UP-distrikta i oktober i fjor. I 2015 vart 1637 rusa bilistar avslørt. Frå januar til juni i år er talet så høgt som 1186, nesten 400 fleire enn første halvår i fjor, skriv Bergens Tidende.