Hopp til innhold

Fekk saftig bot

Ein dansk yrkessjåfør i 50-åra har godteke ei bot på 30.000 kroner. Det var i november i fjor at mannen ikkje stogga for ein skilta kontroll ved Håbakken i Lærdal. Ved nærare ettersyn viste det seg at mannen hadde fleire alvorlege brot på køyre- og kviletida, samt køyrde utan sjåførkort.