Vil ha røykeforbod i Jølster
Rådmann Børge Tvedt vil innføre røyke- og snusforbod i og på alle kommunale bygg og eigedommar, skriv Firda. Det same gjeld kommunale bilar og maskiner og for alle som nyttar kommunale arbeidsantrekk. Saka skal opp i kommunestyret 16. juni.