Hopp til innhold

Fyll og bråk i sommarnatta

Politiet melder laurdag morgon at dei i natt måtte rykke ut to gonger til Vassenden i Jølster. Den første gongen på grunn av støy i ein privatbustad. Då politiet kom fram vart festen avslutta. Seinare på natta rykte politiet ut etter melding om ein utagerande person i eit nabolag. Vedkommande fekk skyss av betjentane heim til seg sjølv.