Hopp til innhold

Bussjåfør politimeld

Sjåføren av ein spansk turbuss er politimeld for brot på kviletidsreglane. Under ein kontroll på E16 ved Håbakken i Lærdal fekk sjåføren pålegg om ei veke med kviling. I tillegg er fem andre førarar politimeld for å ikkje ha stoppa for kontroll.