Hopp til innhold

Ynskjer parkeringshus

Næringslivet i Førde meiner kommunen må gjere meir for å ordne opp i parkeringsproblema i sentrum. Det skriv Firda. Førdepakken vil føre til tapte parkeringsplassar og næringslivet er uroa for følgjene det kan få. – Innan fem år må det vere reist parkeringshus på avsett areal, sa Øyvind Berge under eit møte i næringssamskipnaden måndag.