Hopp til innhold

Frakta vekk etter husbråk

Ei kvinne i 20-åra vart frakta vekk med ambulanse etter uro på ei privatadresse i Florø. Det var litt etter klokka 9 i dag tidleg at politiet rykte ut etter melding om husbråk. Den andre involverte var ein mann i 30-åra. Politiet har oppretta sak på ordensforstyrring. Ifølgje politiet skal kvinna ikkje vere fysisk skadd.