Førde ungdomsskule til landsfinalen
Tiandeklassingar frå Førde ungdomsskule skal representere Sogn og Fjordane under landsfinalen i Klassequizen. Det er klart etter fylkesfinalen i ettermiddag. Førde sitt lag slo Askvoll skule i finalen, der dei fekk 11 av 15 moglege poeng. Laget frå Førde var Ingrid Bolstad, Pål Erik Flølo, Jenny Heggheim Myklebust. NRK kjem tilbake med ei fyldig sak.