Hopp til innhold

Stor kontroll på Nordfjordeid

Statens vegvesen har i dag hatt ein stor kontroll på Nordfjordeid. Dei melder på Twitter at det blei skrive ut tre gebyr på 1500 kroner for manglande bilbelte. To bilførarar mangla dokument i bilen. Det blei også gjeve eit bruksforbod på ein tilhengar. I alt blei 291 bilar kontrollert.