Hopp til innhold

Bilbrann i Sogndal

Føraren kom ikkje til skade, men ein personbil vart totalskadd då det tok til å brenne i bilen på riksveg 5 på Hagalandet i Sogndal i går kveld. Under køyring merka bilføraren at noko var gale og fekk bilen ut på ei lomme. Politiet fekk melding om brannen klokka 22.13.

Bilbrann på Hagalandet i Sogndal
Foto: Arve Uglum / NRK