Går mot budsjettsprekk
Eit stramt skulebudsjett i Naustdal er ferd med å ryke etter tre månader. – Det er mi plikt å gje beskjed, seier rektor Gunn Marit Haugsbø, til Firda. – Vi har ikkje praksis for å gje tilleggsløyvingar så tidleg, for mykje kan rette seg over eit heilt budsjettår, men samstundes er det naturleg å sjå på kva som ligg til grunn og følge situasjonen fram mot revidert budsjett, seier rådmann Øyvind Bang-Olsen.