Hopp til innhold

Bot for skjellsord

Ein mann i 20-åra må betale 1000 kroner i bot for det straffelova kallar «for ved skjellsord eller annen utilbørlig adferd å ha forulempet en offentlig tjenestemann». Ei natt i november viste han begge langfingrane til to polititenestemenn i uniformert politibil, medan han skreik eit skjellsord på engelsk.