Har avslutta på E39
På E39 kan trafikken gå som normalt ved Dregebø mellom Sande og Vadheim. Det har dei siste dagane vore vegarbeid og ventetid på inntil ein time, men no er arbeidet avslutta, opplyser Statens vegvesen. Området har framleis lysregulering grunna bygginga av ny E39.