Hopp til innhold

– Har ei åleinemor tid nok?

–Etter mykje støy rundt bytet av styreleiar ser Elisabeth Elliot fram til å starte arbeidet som styreleiar for Nordfjord Havn, det skriv Fjordenes Tidende. Elliott måtte mellom anna tole at leiaren av hamnerådet, Nils Myklebust, stilte spørsmål ved om ei småbarnsmor som var åleine om omsorga hadde tid til vervet. Elliot seier ho veit ho trer inn i eit mannsdominert miljø, og håpar ho kan vere eit førebilete for andre kvinner som vil ta på seg krevande roller. Myklebust avviser at han er kjønnsdiskrimerande. Han seier til avisa at han berre ville ha svar på om Elliott hadde tid til vervet.