Hopp til innhold

Bjelde til Kaupanger

Sogndalsjenta Thea Bjelde har meldt overgang til Kaupanger damelag i 2. divisjon. Denne signeringa er med på å sikre at Kaupanger framfor sesongen 2016 har ein stor og brei spelarstall. I tillegg til Bjelde, er Anne Marte Lingjerde, Sogndal (tidlegare Bjørn), og Miriam Vilnes Mjåseth frå Askvoll/Holmedal klare for Kaupanger. – Vi er svært glade for å ha desse spelarane på plass. Dette er spelarar vi har hatt i kikkerten lenge og som vi har ynskja oss til klubben. Med desse spelarane inn, vil vi få ein brei og god spelarstall for sesongen 2016, seier trenar Øystein Lindesteg Rinde.