Hopp til innhold

Kan miste 11 millionar

Førde kan vere akkurat for liten og for stor i det nye inntektssystemet, skriv Firda. Bygdebyen kan miste like mykje som dei største byane dersom det nye inntektssystemet slår til. Førde-rådmann Ole John Østenstad meiner det er eit underleg signal frå regjeringa dersom regionsentera blir råka hardast. For Førde sin del betyr det eit tap på mellom ni og 11 millionar kroner, alt etter kva grense som blir sett.