Hopp til innhold

Kan vere slutt for klosterbåt

Selje står i fare for å miste båtruta som i sommar frakta kring 4 000 turistar til Selja kloster. Det skriv Fjordenes Tidende. Vestkapp Båtservice ynskjer å oppgradere servicen til passasjerane og har selt den gamle båten. For å kjøpe ein ny treng dei ei mindre kommunal støtte frå ei slunken kommunal lommebok.