Førde knuste botnlaget
Førde sine handballdamer i 2. divisjon fekk få problem med tabelljumbo Voss i Førdehuset laurdag. Førde leia 23-7 til pause og vann til slutt heile 46-19. Med det er Førde eitt poeng bak serieleiar Sotra, som også har ein kamp meir spelt.