Hopp til innhold

Får forskottere fylkesveg

Fjaler og Gaular kommunar får forskottere pengar til planlegging av fylkesveg 57 Dale–Storehaug. Det vedtok eit samrøystes fylkesutval i ettermiddag. Frå før har kommunane fått forskottere to millionar til vegen, men det synte seg at arbeidet var dyrare enn tenkt. Fylkesrådmannen rådde til at kommunane ikkje skulle få bruke meir pengar. Men no får dei altså bruke 1,5 millionar meir, totalt 3,5 millionar kroner.