Hopp til innhold

Må betale for ulovlege bøyer

Hamnevesenet i Aurland får 75.000 kroner i gebyr for å ha lege ut to flytebøyer ulovleg i fjorden i Flåm. Det skriv Sogn Avis. Bøyene har vore ein del av striden om den aukande cruisetrafikken i turistkommunen, men blir liggjande trass gebyret. Anders Fretheim, som har stått i spissen for dei som meiner cruisetrafikken har blitt for stor, er mellom dei som har klaga på bøyene.