Hopp til innhold

Vurderer å vere vidare i Sunnfjord

Rådmann Jan Kåre Fure rår i dag formannskapet i Gloppen til å be om vidare deltaking i Sunnfjord-utgreiinga, skriv Firda Tidend. Etter møta i Sunnfjord før helga er det klart at det ikkje blir noko av storkommunen med ti kommunar i Sunnfjord. Fure meiner det i staden opnar for eit nytt alternativ Gloppen deltek i, nemleg «liten SIS» som omfattar Førde, Naustdal, Gaular og Jølster. Dette er eit alternativ Gloppen har etterspurt heile tida, peikar Fure på.