Hopp til innhold

Eithun og Tvinde vidare trass tap

Geir Eithun og Lars Fredrik Tvinde fekk berre ein siger på tre kampar i hovudrunden av den internasjonale sandvolleyturneringa Antalya Open i dag. Trass dei lunkne resultata er duoen likevel vidare til turneringsspelet. Første utslagsrunde blir spelt i morgon, der møter nordmennene Koekelkoren og van Walle frå Belgia. Dei er seeda som nummer fjorten i turneringa, medan Eithun/Tvinde er seeda som det tjuefemte beste laget.