Hopp til innhold

Stengt til klokka 18

Fylkesveg 55 opnar ikkje for gjennomkøyring ved Råaberget i Luster som planlagt klokka 17 fordi lause fjellmassar må undersøkast, opplyser Statens vegvesen. Dette er på vegen mellom Gaupne og Høyheimsvik. Det går føre seg arbeid i området, og vegen er berre open for gjennomkøyring kvar heile time. No blir første høve til å passere klokka 18.