Hopp til innhold

Fem vil køyre buss i Sogn

Fem selskap ynskjer å vere med i konkurransen om å drive bussruter i Sogn frå 19. juni 2017. Det er Boreal Transport AS, Firda Billag buss AS, Nettbuss Sør AS, Nobina Norge AS og Tide Buss AS. No skal Sogn og Fjordane fylkeskommune vurdere kvalifikasjonane og avgjere kva selskap som skal få levere anbod.