Blir overraska om dei mistar støtta
Det vil vere overraskande om regjeringa raserer ordninga med knutepunktfestivalar, seier Hilde Bjørkum som er direktør for Førdefestivalen. I går vart det kjent at 14 av 16 knutepunktfestivalar kan miste støtta dei har fått over statsbudsjettet. I Sogn og Fjordane er det Norsk Countrytreff og Førdefestivalen som vil bli råka. I år fekk Førdefestivalen 6,5 millionar kroner.