Hopp til innhold

Skulda for å ikkje vere skikkelege

Tverrpolitisk parti i Selje har fleire gonger opplevd å bli skulda for å ikkje vere eit skikkeleg parti. Det seier partitopp og nyvald varaordførar Jan Vidar Smenes. Partiet vart klart størst i Selje, med over 30 prosent av stemmene, men fekk likevel ikkje ordføraren. – Det sat langt inne å samarbeide med oss, som mange meiner ikkje er eit skikkeleg parti, seier Smenes.

Jan Vidar Smenes
Foto: Silje Guddal / NRK