Hopp til innhold

Planar om nytt handelshus

Ida Berqvam og Amfi Drift AS planlegg eit tredje handelshus i Førde. I følgje Firda er dette eit resultat av ein samarbeidsavtale som nyleg vart inngått med Coop Vest Eigedom om å utvikle både Brulandsvellene og sentrum. Det nye kjøpesenteret skal byggjast på tomta på Indre Øyrane der Coop har selt 50 prosent av aksjane til Handelshuset.