Hopp til innhold

Hagl gjorde stor skade

Hagl gjorde skade for bortimot 100.000 kroner på bilen til Fred Åge Hyllestad denne veka, skriv Firda. Hagl store som klinkekuler small mot bakken i Hyllestad. Etterpå talde bileigaren over 40 bulkar på bakluka og nesten 60 på panseret, skriv avisa.