Hopp til innhold

Reparerer sjøkabel i helga

Arbeidet med å erstatte sjøkabelen til Bremanger startar laurdag morgon. Eit kabelskip kjem dit natt til laurdag, opplyser Katarina Kokkim i Telenor. Inntil det er reparert er ein del abonnentar på Frøya utan mobilsamband. I Kalvåg er 104 abonnentar utan breiband, men der har dei mobilsamband. Også i Svelgen er det område som er utan mobildekning, men dei fleste får dekning frå overlappande basestasjonar.