Hopp til innhold

Krev opprusting av vegar

Regjeringa må stille med ein eigen opptrappingsplan for fylkesvegane. Det krev kommunane sin interesseorganisasjon KS. Kravet vart fremma i eit møte med samferdselsministeren. Han fekk skryt for å ha auka løyvinga med 225 millionar, men samtidig vart det påpeika at etterslepet er på fleire milliardar kroner. Kommunane meiner det trengst ein tidfesta opptrappingsplan for å få fart i opprustinga.