Hopp til innhold

Fekk gebyr for mobilbruk

Ein bilist fekk forenkla førelegg for å ha snakka i handhalden mobiltelefon ved Slåtten skule i ettermiddag då politiet heldt trafikkontroll i samband med Aksjon skuleveg. Ved Vassenden skule i Jølster vart 19 køyretøy kontrollerte, men her fann politiet ingenting å setje fingeren på.