Hopp til innhold

Foreldre hadde bilbelte under armen

I samband med «aksjon skulestart» vart 39 køyretøy på Byrkjelo kontrollerte. Fleire foreldre fekk munnleg pålegg fordi dei hadde bilbeltet under armen, noko som både er ulovleg og slett ikkje trygt. På Leikanger vart det skrive ut eitt gebyr for manglande bilbelte og eitt gebyr for manglande dokument. I Stryn fekk ein bilførar forenkla førelegg for å ha køyrt i 99 km/t i 80-sona.