Hopp til innhold

Må stille økonomisk garanti

Klima- og miljødepartementet har bestemt at Nyrstar Høyanger, tidlegare Eras Metal, må stille ein økonomisk garanti på nær tre millionar kroner for å kunne lagre farleg avfall frå stålverk i Europa.Dermed opprettheld departementet vedtaket frå Miljødirektoratet. Nyrstar Høyanger meinte at dei burde sleppe å stille slik garanti, sidan dei ikkje har planar om å byggje opp store lager av avfallet. Nyrstar sin advokat har ikkje vore tilgjengeleg for kommentar.