Hopp til innhold

Seier nei til storkommune i Sogn

Det var lite gehør å spore på Sogn regionråd sitt møte i går når medlemmene skulle diskutere ordførar Olav Lunden sitt utspel om å slå saman sognekommunane til ein kommune. Ifølgje Sogn Avis meinte medlemmene i rådet at ein slik diskusjon først må takast i kvar einskild kommune. Den nye kommunereforma blir tema på eit felles formannskapsmøte 5. september.