Hopp til innhold

Fann knust rute på hjullastar

Politiet har fått melding om at nokon i løpet av natta har knust ei ruste på ein hjullastar som stod parkert i Vesvegen i Øvre Årdal. I same område, i Sitlevegen, har det i løpet av natta også vorte gjort skadeverk på fleire postkassar. Viss nokon har opplysningar i saka, ber politiet dei ta kontakt på telefon 02800.