Hopp til innhold

Aksjonerte mot tunge køyretøy

Statens Vegvesen kontrollerte i vinter fire gongar så mange tunge køyretøy som året før. Totalt vart nær 50 000 vogntog, lastebilar og andre tunge køyretøy undersøkte, skriv Samferdsledepartementet i ei pressemelding. Av desse fekk 337 køyreforbod. Det er spesielt dekk, bremser og kjettingar som har vorte kontrollerte.