Høyanger vedtek mobbebot
Høyanger kommune har bestemt seg for å vedta førelegget på 100.000 kroner som dei har fått for brot på opplæringslova. Før helga vart det kjent at Høyanger som den første kommunen i landet er tildelt ei bot for ikkje å ha gripe inn, trass i at dei visste at det gjekk føre seg alvorleg mobbing ved ein av skulane i kommunane. NRK kjem tilbake med meir.