Hopp til innhold

Bråtebrann ute av kontroll

Brannvesen frå Askvoll og Fjaler har rykt ut til ein bråtebrann ute av kontroll i området Askdalen i Askvoll. Alarmsentralen fekk melding om bråtebrenning tidlegare, men i 19.30-tida er denne ute av kontroll. – Vi har førebels ikkje meldingar som tyder på at hytter eller hus er i fare umiddelbart, seier Jan Gunnar Holvik ved Alarmsentralen.